top of page

BERGFURE

Ivar Orgland, Furer i Berg 1962.

"Det er ei røyst som kviskrar i meg

Aldri! Aldri! 

kvar gong det ser mørkast ut 

og alt går meg imot. 

Det er eit hav som bårar i meg

Aldri! Aldri!

kvar gong treiske gudar 

vil meg trøda under fot. 

Trottig er den fura

som i fjell har fest si rot."

SOLEGLAD

Ivar Orgland, Lilje og Sverd 1950.

Glødane sol som søkkjest 

i havet så langt i vest - 

du er som ei vón som sløkkjest, 

eit blodkar som fullflødd brest. 

Bjart med eit vårbòd steig du

og glødde meg all med eld.

Då lògen vart heitast, seig du 

og seig, medan dag vart kveld.

No er du kvorvi, bjarte..

Eg ser berre ròden att.

Som blod frå eit mannahjarte 

han mørknar i sjo mot natt. 

HAN BAUD DEG HYBEL

Ivar Orgland, Mjød og Malurt 1959.

Han baud deg hybel 

og bil og ring. 

Eg baud deg kjærleik 

og - ingen ting. 

Lell var du nøgd med 

mitt yre blod 

i sæle stunder 

av styrlaust mód!

Men no galdt valet 

ein ektemann.

Så ingen undrast 

du valde han. 

BRUNNEN

Ivar Orgland, Furer i Berg 1962.

Heilt innåt berget ligg brunnen 

nedunder ein bakkekam. 

Ut or den harde grunnen 

spring det ei vass-år fram.

Burkne og hattel skjermar 

kjelda mot solareld,

og lette små insekt svermar 

ikring der ein sumarkveld.


Eg bøyer meg ned og fyller

mitt kjerald ei midnattstund.

Det kviskrar i kjørr og tryller.

Eg står i ein offerlund.

Den fyrste som rudde garden,

har stemnt meg til møtes her.

Han lutte òg ut over barden

og fylte sitt tome kjer.

...

NATT VED ISLANDS AUSTKYST

Ivar Orgland, Tunfred 1965.

Mellem desse fjelli 

   lever mine draumar, 

stid dei etter flògbratt

      berg og døkke skard.

Livet vann dei aldri. 

      Ikkje døden heller

tok det som til dåden 

       inste krafti var. 

Mellem desse fjelli

     skal mi ånd ha heime 

som i draumen, lenge

      etter eg er død. 

Ubøygd skal ho peika.

      opp mot stjernehimlen,

som den stolte tinden 

       stig or nattstill sjø. 

<< KOM OG SE VESTHIMLEN!>>

Ivar Orgland, Vestanfor Dyrskard 1990.

<< Kom og se vesthimlen!>> sa dei

ein gong i min barndoms by. 

Og høyt over sentrumsgårdar 

i Oslo skein gullgylt sky

langt bortanfor Holmenkollen 

og Nordmarkas skogar og tjern...

Slik fyltest mi sjel av venleik 

som aldri vart bleik og fjern. 

Eg visste at langt der borte 

låg det ein vakker fjord

med vikar og naust og båtar 

og nes mellom kvar ei jord. 

Og no leid det snart mot sommar. 

Då skulle vi dit på nytt, 

til heile den herlegdomen 

som her var ein liten glytt. 

...

Utvalgte Dikt: Liste

GAMALT BERG

Ivar Orgland, Jørannatten 1963.

Dei seier at steinen

er hard...

Men ég har sett

berget gråta, 

gamle berget gråta

stilt i nordvend sal,

så mitt hjarta mjukna,

mitt harde hjarta mjukna-

i sin angers dal. 

OKTOBERVON

Ivar Orgland, Farvegar 1964.

Når lauvet sit laust på gulnade tre, 

     og snøkappa langsamt tøyer seg ned, 

og som på eit vink frå ei veldig hand

   ein ispust sløkkjer det eldraude land,

i lauvfalls oktober, 

   då alt seg brått på vinter bur,

ber eg ei usløkt von i hjarta,

    vend mot ei sol, som snur.

LIVET

Ivar Orgland, Lilje og Sverd 1950.

Livet er to par augo 

når dei kvarandre ser -

to som i same undring 

båe om livet bér. 

Livet er varme hender, 

skjelvande, hand i hand -

to som på same bylgja

skylst imot livsens land. 

Livet er tende stjernor 

utanom tid og stad - 

to som i same tógni 

høyrde det hjarto kvad. 

Livet er to som ottast 

aldri dei møtest att -

to som i vindgufs blakrar, 

nå-ljos i djupe natt.

...

IDENTIFIKASJON

Ivar Orgland, Torg og Altar 1969.

Eg er han 

som alle smiler til 

og etterpå 

vender ryggen til 

og seier: 

Så grunn han er 

som alltid smiler. 

Utvalgte Dikt: Liste

KVAMSTØ-KVELD

Ivar Orgland, Nattstill Fjord 1973.

Slik såg eg mange Kvamstø-kveldar,

logn, og blikstill fjord,

speglande dagens seinste eldar.

Avferdsbåten ror.

Enno heng gullslott i lette lufti

langt bak høge Dreng.

Fuglen har sett seg på fjøre-tufti,

roar der sin veng.


Fuglen har sett seg på fjøre-tufti,

roar der sin veng. 

Enno heng gullslott i lette lufti,

langt bak høge Dreng, 

speglande dagens seinste eldar. 

Avferdsbåten ror. 

Slik såg eg mange Kvamstø-kveldar, 

logn, og blikstill fjord.  

TORNEROSE

Ivar Orgland, Lengtens Vegar 1988.

Kjærleik kan sova,

døy kan han ikkje.

Livet er vår til vår

Drøym så, du kjære

heilt til du vekkjest,

kanskje om hundre år.

Drøym du, mi kjære 

heilt til du vekkjest,

kanskje om hundre år. 

Kjærleik kan sova.

Døy kan han ikkje,

ventar sin vakningsvår.

SEKUNDEN AV ÆVA

Ivar Orgland, Hovs Hallar 1982.

Eg gjev deg ein stein

slipt av havet

i millionar av år. 

Når du tek han i handi,

grip du i tankane dine

kring den sekunden av æva


du og eg 

levde her. 

SAMSPEL

Ivar Orgland, Vestanfor Dyrskar 1990.

Prøv ikkje té deg lik ei onnor tid 

enn den som du vart fødd, og ólst opp i.

I henne har du rot. Og ho er di. 

Lev livet ditt med landet slik det var

då du fyrst spurde livet, og fekk svar. 

Då fekk ditt liv det dyraste det har. 

Til livet du då lærte, har du rett. 

Du skal gje andre det som du har sett - 

og det som inst og best med dég har skjett! 

La motar fara! Byd frå eige fat!

Sky kvar ein kurs som skriv seg frå diktat!

som skar di sjel, - og valsar vegen flat. 

Din veg er din. Den vegen du skal gå 

med dine røter, der du har dei frå - 

og med ditt utsyn, der du fritt kan sjå! 

Utvalgte Dikt: Liste

BLOMEN TIL MAGNHILD

Ivar Orgland, Vestanfor Dyrskard 1990.

Det kan ikkje vera linnea - 

     så liten og ljos og blyg. 

Det kan ikkje vera spirea 

       der humlene surrar og syg.

Det kan ikkje vera soleia 

        så gul når ho skin i sol - 

og snaut nok akkeleia, 

nellik og fiol - - 

Mjødurt eller mimosa 

                vigde ei heller din veg - 

Så valde eg altså rosa 

                  til blomen som best kler dég. 

HOLET I NAUSTRUTA

Ivar Orgland, Vestanfor Dyrskard 1990.

Dette holet i naustruta

går meg på nervane. 

Kvifor tettar ingen det, 

eller set i ny rute? 

Det kan då ikkje

     kosta så mykje - 

i minsto ikkje mot den skaden 

     som ville koma dersom -  

Kvifor 

gjer eg det ikkje 

      sjølv? 

FOSSAR OG STRYK -

Ivar Orgland, Fingals Fløyte 1992.

Fossar og stryk

         eller kveldslon still - 

Livet er dét 

         som du gjer det til. 

Om du i aur

         eller grormold grev - 

Livet er grøda

         du andre gjev.

Gjev du ei gåve 

         til framrekt hand 

lyser du liv 

          over einsamt land. 

Vørd all din vokster

           frå opphavs rot! 

Livet er dét

           som du tek imot! 

TAKK FOR DRAUMEN

Ivar Orgland, Fingals Fløyte 1992.

Takk for draumen

       eg tok for liv. 

No veit eg dét ikkje 

       går an.

Men det er likevel sant,

        det eg skriv - 

For draumen eg levde, 

         var sann

Utvalgte Dikt: Liste

BØN PÅ STEINGRUNN

Ivar Orgland, Atlantider 1960.

Eg bed for det sædekornet 

     som fall på den harde stein: 

eg bed for all heimlaus kjærleik,

     for elsk som gjer hugen mein. 

Eg bed for kvar enda tone

     som fødest i aude fjell, 

og jamvel i vonlaust mørker 

     trottugt på klangen held. 

Eg bed for det mannahjarta 

      som gøymer i all si tid 

det frøet som fall på steingrunn - 

       den lukka som vart - forbi. 

DIKTET

Ivar Orgland, Furer i Berg 1962.

Du gjev meg Det Eine: 

      Den djupe fred 

eg ynskte 

       før eg la pennen ned.

Du gjev meg kvile

       i utløyst song - 

til hjartans uro 

       kjem neste gong... 

LIVSMÅL

Ivar Orgland, Eld og Marmor 1961.

Det store er ikkje å vinna

       i kapplaup om fjerre mål, 

men fred i sitt hjarta finna

       i tillit og tru og tòl.

Det store er ikkje å jaga 

       mot iskalde himmelrom,

men sjå det på Jordi daga, 

       og fagna den fyrste blom.   

Utvalgte Dikt: Liste

I SVEVNEN

Ivar Orgland, Fingals Fløyte 1992.

I svevnen 

leitar hender kvarandre 

som aldri møtest 

om dagen.

Eg trur 

at inst inne 

er ingenting 

øydelagt. 

EPILOG

Ivar Orgland, Fingals Fløyte 1992.

Fall alt på steingrunn, 

       fraus alt i hel - 

du var ein såmann 

       likevel. 

OVER ALLE FLYER

Ivar Orgland, Fingals Fløyte 1992.
(Etter Goethe)

Over alle flyer 

er ro.

I kveldblå skyer 

stilnar no

all von om flòg.

I skogen fuglane tagnar.

Bi litt, snart fagnar 

stilla dég òg. 

Utvalgte Dikt: Liste
bottom of page